Velkommen til Jølster Design!

Vi vev kyrkjetekstilar til prestar og kyrkjer og interiørtekstilar til alt frå offentlege bygg til private heimar.

Om du treng ei gåve, utsmykking til hus, hytte eller båt, brurebiletet ditt som veggteppe eller spesialdesigna stoff til klede eller interiør:

Vel i menyen over for å sjå kva vi kan tilby deg eller ta kontakt på telefon eller e-post!

Ny raud messehakel i Helgheim kyrkje

Den 10. juni 2018 blei den nye, raude messehakelen tilhøyrande Helgheim sokn teken i bruk under utegudstenesta på Hamnanova. Dette var 2. pinsedag og såleis eit høveleg tidspunkt for den raude fargen. Jølster Design har no vove messehaklar og stolaar i alle dei fire ligurgiske fargane til Helgheim kyrkje.

Her heng dei fire messahaklane i kyrkja.
Silje prest med Jølster for sine føter.

Døme på bryllaupsgåve

Brureparet hadde sjølve utforma logoen, og vi laga eit mønster ut frå det.
Løparen blei så voven og montert for hand. Brureparet vart særs glade for gåva!
Materialane er silke og mercerisert bomull.

Her er vi